Dei har ei eiga avdeling med tilrettelagde grupper knytt opp til dei to ulike utdanningsprogramma naturbruk og sal, service og reiseliv.
Stend har lang og brei erfaring med å tilpassa opplæringa for elevar som treng særskild tilrettelegging.
Skulen har fokus på at det skal vera eit godt og inkluderande skulemiljø, og at skulen skal ha ei universell utforming. Det vil seia at skulen skal kunna brukast av alle, uansett kva utfordringar du har.
Mykje av opplæringa skjer på læringsarenaer utanfor skulebygget, som f eks. driftsbygningen og fjøset, stallen, hundeanlegg, smådyravdeling, gartneriet, sagbruket, Bjarghallen og Stend Fitness.