Skip to main content
Hjem
Utdanning
Arbeid
Fritid
Rettigheter
Gode historier
Annet
Om oss
Kommuner
Hjem
Utdanning
Arbeid
Fritid
Rettigheter
Gode historier
Annet
Om oss
Kommuner
Fyllingsdalen vgs.
Tilrettelagt opplæring
Fyllingsdalen videregående tilbyr
tilrettelagt opplæring
for elevar som har behov for det.
Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre.
Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Arbeidslivtrening (HTA)
Skulen tilbyr Arbeidstrening.
Som elev i arbeidstreningsklassen får du opplæring i ei lita gruppe.
Opplæringa avviker frå ordinær opplæring og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter.
Sluttkompetanse er grunnkompetanse, og eleven får eit kompetansebevis som dokumentasjon for opplæringa.
Dette er for elevar som kan ha som mål å kunne meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift.
Kvardagslivstrening (HTH)
Skulen har også Kvardagslivstrening. Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov.
Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.
Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.
Opplæringa skal mellom anna kvalifisere for eit meir sjølvstendig liv.
Ein kan søkje om inntak til utdanningsprogramma Studiespesialisering eller Musikk, dans og drama.
Les mer om skolen her