Me tilbyr arbeidsplassar for dei som av ulike grunnar treng tilrettelagt arbeid. Hjå oss er det ikkje same krav til effektivitet og inntening som på andre arbeidsplassar.
Det er og mogeleg å setje i gang andre tiltak som administrerast gjennom NAV. Me har avtale med Hordaland fylkeskommune om arbeidstrening for elevar frå vidaregåande. I tillegg kjøper Alver kommune dagplassar.