Aktivitetssenter er for deg som har fyllt 18 år (er i yrkesaktiv alder) og som treng hjelp til ein meiningsfull kvardag. Tilbodet blir tilpassa den einskilde søkjar sine interesser, ressursar og behov for aktivitet/tilbod. Målet er å gje eit alternativt tilbod til dei som ikkje kan meistre eit vanleg arbeid, og som treng individuell tilpassing.